Vest-Telemark Blad: Illustrerer Sagaskatt

publisert 26. October, 2012

Anders Kvåle Rue i Svartdal illustrerer verket «Det norske folks liv og historie» - ei folkeleg utgåve av sagaskatten Flatøyboka.
Flateyjarbok eller Flatøyboka blir rekna som ein av kronjuvelane i den norrøne sagaskatten. Handskriftet har i 600 år lege urørt og er nesten ukjend i Noreg. Men no har Saga Bok omsett 600 av dei 2000 sidene til ei folkeleg utgåve. Verket med tittelen «Det norske folks liv og historie» blir publisert rikt illustrert i fem bind. Dei to fyrste skal vera klare til grunnlovsjubileet i 2014. 
Anders Kvåle Rue i Svartdal er sentral i prosjektet. Han har illustrert for Saga Bok tidlegare, men oppdraget med å illustrere denne sagaskatten er noko heilt spesielt. Kvåle Rue legg ikkje skjul på at dette er draumejobben.

- Det er midt i blinken for meg. Eg kunne ikkje fått eit oppdrag som hadde engasjert og motivert meg meir. Det er nesten så eg må klype meg i armen. Eg er litt nervøs for at seg skal vakne og at det er ein draum, seier Kvåle Rue til VTB.

Grafisk samanheng
Det er eit langvarig prosjekt, og Kvåle Rue er i gang med arbeidet. - Dette er eit så stort oppdrag at eg brukar meir tid enn vanleg til førebuing. No prøvar eg ut teiknestil og lagar skisser, seier illustratøren. Kvåle Rue ynskjer at det skal vera ein grafisk samanheng mellom den opphavlege Flatøyboka og den nye omsette versjonen, og vil nytte seg av element frå originalen. - Det er interessant, men gjer det heile meir komplisert, seier han.

Lærdom- og etikkgåve
Flatøyboka er ei samling av norrøne forteljingar som blei skrive ned på slutten av 1300-talet, etter Svartedauden då Noreg var truga som eigen nasjon. Den kulturbevisste islandske bonden Jon Håkonarsson var sentral i arbeidet. Han ville gje det unge norske kongsemnet Olav 4. Håkonsson kunnskap om dei to rikas historie, og det som var dei spesielle historiske og kulturelle føresetnadene for Island og Noreg som kongemakta burde forankrast i; ei lærdoms- og etikkgåve til den komande norske kongen. Men kongen døydde i 1387, berre 16 år gamal.

Flatøyboka blei likevel realisert. Verket hamna etter kvart i Kong Fredrik 3.s bibliotek i København i 1656. I 1971 blei kulturskatten ført tilbake til Island. 

Skattkiste
For ein som er over middels interessert i historie, er det stort å vera den fyrste nordmann etter omsettaren som får lese teksten på norsk. Tidlegare har Flatøyboka berre vore på norrønt. ?Det er ei skattkiste, med godbit på godbit, smiler Kvåle Rue.
- Det er som ein Beatles-fan skulle kome over fem LP-plater ingen hadde høyrt før, biletgjer han.
Han er svært fascinert av sagastoff og hadde høyrd om Flatøyboka før han fekk dette oppdraget.

- Eg ergra meg over at boka ikkje var omsett. Det er ei gåte kvifor ingen forlag eller Kulturdepartementet har gjort det tidlegare, seier Kvåle Rue og minner om at Snorres kongesagaer blei ein stor suksess då Stortinget gjorde denne tilgjengeleg for det norske folk i 1900. Han trur det kan henge saman med at boka blei skriven ei god tid etter hendingane, og at ho difor ikkje blei rekna som truverdig skrift. Dette er ikkje god nok grunn, meiner Kvåle Rue som registrerer at det ikkje har vore vilje nok til å lyfte fram oldtidsskrifter. 
Boblar over Han har framleis nokre prosjekt ved sida han må bli ferdig med, men ser for seg at han frå joletider vil måtte bruke 80-90 prosent av tida på denne jobben framover. - Eg er normalt ikkje avhengig av inspirasjon til arbeidet, men her blir eg utruleg inspirert. Det boblar over. Eg skriv ut manussidene og set meg og les, med blyanten i handa for å lage skisser med ein
gong, forklarer han. ?Men eg blir også inspirert som historieinteressert lesar, legg han til.  

«Noregs grunnlov»
Prosjektleiar Baard Titlestad seier han har jobba saman med Kvåle Rue tidlegare og meiner det ikkje finst meir kompetente personar i landet til å illustrere slikt stoff. - Han har god innsikt og klarer å skape autentiske visuelle uttrykk, seier Titlestad, og legg til at Kvåle Rue er glødande engasjert i temaet.

Saga Bok meiner Flatøyboka urettmessig har hamna i skuggen av Snorre, og viser til at det mest detaljrike og politisk orienterte sagastoffet finst i Flatøyboka. Redaksjonsmedlem og islandsk professor Gisli Sigurdsson meiner boka på mange måtar er Noregs grunnlov. - Fordi ho utgjer grunnlaget for Noregs eldre historie og for ideane våre om kva det innebar å vera ein nordmann - sett frå eit islandsk perspektiv og som nordmenn har bruka som grunnlag for si sjølvoppfatting i mange hundre år, uttala den islandske professoren under lanseringa på Fritt Ord i Oslo i førre månad.


Tilbake til nyheter