Karsten Alnæs (Dag og Tid): Den norrøne dragen er sjøsett

publisert 07. November, 2014

Etter utgjevinga av det islandske storverket Flatøybok på norsk vil det vonleg verte både debatt og ovasjonar. Her kan ein lese at nordmennene er ætta frå urfaren Nor og det iskalde nord, og ikkje frå Asia og den heidenske Odin, slik Heimskringla fortel.



Flatøybok vert no for første gong utgjeven på norsk i ei vakker utgåve. Boka vart sett saman mot slutten av 1300-talet. Manuskriptet kravde skinnet av over hundre kalvar og vart illuminert med dei vakraste initialar og farge bilete. Det er det mest omfangsrike og flottaste i islandsk bokheim, og no kjem det altså i norsk språkdrakt, presist og leikande omsett av Edvard Eikill, djervt og utfordrande illustrert av Anders Kvåle Rue og fagleg garantert av røynde

norrønfilogar og andre fagfolk. 


YMIST

Flatøybok er samansett av ei rekkje kjende og ukjende soger, som til dømes sogene om Sigmund Bresteson, Olav Tryggvason, Olav den heilage, jomsviking ane, Sverre, Håkon Håkonsson, orknøyingane og fleire andre, men også av skaldedikt, tåttar, det vil seie små forteljingar, og dessutan andre tekstbitar. Innhaldet kjenner vi frå tidlegare islandsk prosa, særleg frå 1200-talet, men noko av tekstrikdomen i Flatøybok finst berre her, og dessutan er mange av historiene fortalde på ein annan måte, med ein propagandadistisk undertekst og med nye opplysningar som vi ikkje finn andre stader.


NY HEVD

Som Titlestad sa i innleiinga si då boka vart lansert, femner tekstene til saman om den nordiske historia frå førkristen tid til slutten av 1300-talet rett før Noreg gjekk inn i unionen med Danmark. Her kan ein lese at nordmennene er ætta frå urfaren Nor og det iskalde nord, og ikkje frå Asia og den heidenske Odin, slik Heimskringla fortel. Titlestad og dei andre utgjevarane gjev i innleiinga uttrykk for at dei ser på Flatøybok som ei einskapleg tekstverd, ikkje som ei tilfelleleg samling av ulike soger og andre brokkar av tekster. Dei tek til motmæle mot den deklasseringa  av Flatøybok som tidlegare har gått føre seg, då filologar og historikarar hevda at både som kjelde og som kunstverk er dette verket langt mindre verdfullt enn Snorres Heimskringla og dei andre kjende sogene frå midten av 1200-talet. Det er eit lappeteppe av ulike innslag, hevda dei. Eigenleg representerer Flatøybok eit forfall i boksoga; det syner at den norrøne stordomstida er på hell og nedgangen er byrja.


Titlestad og felagane hans ynskjer å avlive denne førestellinga, og det står ikkje til å nekte at Flatøybok inneheld kunstnarlege høgdepunkt, i fyrste band både ein framifrå versjon av Færøyingesoga eller Soga om Sigmund Brestesson og fleire morosame og underfundige småsoger. Det finst også meir frodig kultursoge mellom

dei dramatiske høgdepunkta enn i dei klassiske eldre kongesogene.


NORDISK SOGEBOK?

Utgjevarane stør seg også på ei forsking som hevdar at Flatøybok opphavleg vart skriven som ei slags nordisk sogebok for tronfylgjaren i Noreg, Olav IV Håkonsson, for å gje han inspirasjon og kraft til å føre Noreg og Island ut av den sosiale, økonomiske og nasjonale bakevja som desse landa dreiv inn i etter svartedauden. Det er med andre ord tenkt som eit gjenreisingsverk som skal syne tradisjonen og fortida og samstundes syne vegen

framover, både politisk og ideologisk.


Det kan godt vere at Jon Håkonsson hadde ein slik plan, men som vi veit, døydde Olav, son til den danskfødde norske dronninga Margrete og kong Håkon VI, berre sytten år gamal. Om Jon hadde hatt slike planar som utgjevarane hevdar, måtte han i alle fall endre dei då Olav døydde, men hovudtanken, som var å gje ut ein ideologisk berande tekst for ei islandsknorsk framtid, heldt han fast på, og han arbeidde vidare med å få manuset ferdigstilt. Det fekk etter kvart namn etter landskapet Flatøy, nordvest på Island, der det vart fullført.


KØYR DEBATT!

Det er ikkje alltid så lett å få tak i den påståtte ideologiske og tematiske einskapen i verket. Men «Geisli», hyllingsdiktet til Olav den heilage, skrive av Einar Skulesson, som innleier det heile, er tvillaust ein kristenmonarkisk ouverture som stadig gjev atterklang og som minner om den kristne arven som dei norske kongane meinte Olav Haraldsson hadde gjeve dei, og som dei kjende seg bundne til.


Og dei tre fyrste sogene i fyrste band, soga om Eirik den vidfarne, soga om Olav Tryggvason og soga om jomsvikingane, fylgjer opp tematikken. Den fyrste  av dei handlar om ein fiktiv norsk kongsson frå heidnetida som reiser ut i verda for å finne paradis, og finn det, men i staden for å gå inn, vender han heim for å fortelje nordmennene kva han har funne. Handlinga førebur det som vert skildra i den neste soga, soga om Olav Tryggvason. Både Eirik og Olav ser ei hildring på himmelen, begge fer til Bysants og vert døypte der, begge vender om

til den kristne læra, og begge kverv frå denne verda på mystisk vis og provar at Gud tek hand om det kristne kongeriket Noreg. Olav vert skildra meir som ein helgen enn den kongen vi kjenner frå Snorre. Han får den løna ein kristen fyrste fortener, medan Håkon jarl i den siste av desse sogene, oftast kalla Tåtten om jomsvikingane, vert straffa på det hardaste fordi han blota son sin for å få siger i eit slag. Desse tre sogene er spanande lesnad, ikkje så malmfullt fortalde som hos Snorre, men med ein mjukare tone, som er både utfordrande og underhaldande.

Ein får vone det vert debatt om denne storslegne utgjevinga og ikkje berre hylling og ovasjonar. Det fortener det

siste. Men også motstand og kritikk slik at ein ser betre korleis det ruver. 


KARSTEN ALNÆS

Karsten Alnæs er forfattar og

fast bokmeldar i Dag og Tid.


Tilbake til nyheter