VEST-TELEMARK BLAD: I TIDSMASKIN TIL VIKINGTIDA

publisert 21. April, 2015

Anders Kvåle Rue i Svartdal har levert illustrasjonane til sagaverket Flatøybok. – Eg går på ein måte inn i ei tidsmaskin, eg opplever hendingane frå vikingtida, seier han.

Av Knut Espelid



– Den erfarne kunstnaren Anders Kvåle Rue har oppnådd stor suksess med illustrasjonane i den nye utgjevinga av sagaverket Flatøybok, melder Per Arne Drangsholt i forlaget Saga Bok AS.

Det fyrste bindet av verket var ferdig i oktober i fjor, og forlaget melder at det blei utselt i løpet av få månader.


HOVUDVERK
I ein video frå forlaget seier Anders Kvåle Rue at han ser på illustrasjonane til Flatøybok som hovudverket sitt til nå.

– Det har vore ei glede, og det har gjeve stort utbyte å jobbe med desse fantastiske tekstene. Eg kjenner meg priviligert som har fått denne oppgåva, seier han. Målet hans har vore å gje tekstene eit konkret visuelt uttrykk.

«TIDSMASKIN»
– Eg går på ein måte inn i ei tidsmaskin. Eg opplever på ein måte scenane og hendingane tekstene fortel om – som eit ekko i den tids åndelege atmosfære.

Slik omtalar Anders Kvåle Rue i Svartdal korleis han går til oppgåva med å illustrere sagaverket Flatøybok. Det startar med å lese manuskriptet grundig.
– Eg får eit intenst forhold til tekstene. Dette er interessant og viktig noregshistorie, både menneskeleg og åndeleg. Om korleis menneska i mellomalderen såg på verda. Eg lever meg inn i hendingane, så illustrasjonane ikkje blir berre overflatiske, forklarar Anders.

Målet er å framstille hendingane på ein realistisk måte.

– føle at ein er der, for tusen år sidan, og kan gje att hendingane, og ikkje minst den åndelege atmosfæren, høyrest kanskje litt mystisk ut, vedgår han.


OMFATTANDE ARBEID
Det er med andre ord ikkje berre å setja seg til teiknebordet. Det ligg eit omfattande arbeid bak. Både å oppsøkje dei stadane sogene handlar om. Og å kontakte personar som kjenner til stadane og hendingane. Han nemner som døme ein scene frå Nidarosdomen. Der hadde han mykje kontakt med ein byngingshistorikar, som hadde ei oppfatning av korleis den eldste delen av kyrkjebygget såg ut. Anders teikna skisser, fekk dei tilbake med historikarens kommentar om at «det var kanskje ikkje slik». Nye skisser, fram og tilbake, til det endelege valet.

Ellers er både kart og elektroniske hjelpemiddel til nytte.




– Det er mykje å ta stilling til. Landskape er gjerne endra sidan mellomalderen. Visst det er meir uderfinerte landskap, hentar eg gjerne motiv frå nærområdet, her i Svartdal, eller frå området mellom Flatdal og Dyrlandsdalen – eit landskap eg likar godt. Men helst når det er litt tåke, litt grått eller frost. Då er det finast, slår kunstnaren fast.

Han brukar også levande modellar når han teiknar hovudpersonane i illustrasjonane. Men ikkje for å laga portrett av venner og familiemedlemmer.

– Det er ikkje meininga at ein skal kjenne att personane som er modellar. Eg brukar modellar for å framstille personane i tekstene truverdig. Men det er ikkje noko poeng å teikne «bror min» eller andre i bygda. Det er sjølvsagt fint viss dei som har vore modell kjenner seg att – men det er altså ikkje noko poeng for franstillinga i boka, forklarar han.


SKISSE P SKISSE
Når han les manus, gjer han raske skisser når han kjem til hendingar der han tenkjer det passar med ein illustrasjon. Så fylgjer runder med forlaget, til begge partar har ein endeleg plan for illustrasjonar.
– På den måten får me ein naturlig «takt» i illustrasjonane. Gjennom drøftingar med forlaget får me også ein heilskap gjennom boka i forhold til motiv, viktige historiske hendingar og personar, forklarar han.


«FAST TILSETT»
Flatøybok er planlagt i sju bind. Det fyrste kom sist haust. Anders er i ferd med å avslutte illustrasjonane til bind to, og startar straks på bind tre. Dei to er planlagt utgjevne i haust.

Når dei neste fire binda kjem, er ikkje avgjort. Det kjem an på forlagets økonomi. Saga Bok AS er eit lite forlag.

For kunstnaren Anders Kvåle Rue er dette ei stor oppgåve.

– For fyrste gong er eg «fast tilsett» – i den forstand at eg har eit oppdrag som varar over fleire år, smiler han. Tidlegare har oppdraga vore meir «frå hand til munn», altså enkeltvis.


DJERVT ILLUSTRERT
Forfatter og historikar Karsten Alnæs uttala i ein artikkel i Dag og Tid at bindet er «djervt og utfordrane illustrert av Anders Kvåle Rue», melder forlaget.

Flatøybok er det største sagaverket som nokon gong har blitt nedteikna på Island. Når heile serien blir utgjeven på norsk vil det omfatte om lag 2 000 sider, opplyser forlaget.

– Anders Kvåle Rue står for alle illustrasjonane i boka. Han har skapt originale måleri som viser mange av dei viktigste hendingane og stadane som er omtala i Flatøybok, melder forlaget, og nemner som døme slaget ved Hjørungavåg, der Håkon jarl klara å slå dei danske og polske leigesoldatane kalla Jomsvikingane, og sikre at Noreg kunne vera uavhengig. Andre døme er Harald Håfragre etter slaget i Hafrsfjord og Olav Tryggvason som ung gut i det som i dag er Russland.

– Det er eit omfattande arbeid Anders Kvåle Rue har gjeve seg ut på, slår forlaget fast.


UTGANGSPUNKT I ORIGINALE ILLUSTRASJONAR
Originalverket Flatøybok er eitt av dei mest omfattande illustrerte sagaverka. Mange av dei originale illustrasjonane er dekor-initialer som heng saman med teksta i gotiske bokstavar. Noko kunstnaren seier ikkje ville ha fungert i dag.

Men Rue har bruka dei originale illustrasjonane som inspirasjon og fletta dei inn i det nye verket.

Anders Kvåle Rue er frå fær ein erfaren og anerkjent illustratør av bøker om vikingtida, og har omfattande historisk kunnskap om den tida han formidlar. Ikkje berre gjennom bøkene han har illustrert, men også gjennom eit genuint engasjement for vikinghistoria. Han legg stor vekt på at illustrasjonane skal vera mest mogleg historisk korrekte, noko som har ført til at han har tileigna seg omfattande historisk kunnskap om tida han formidlar.


NORSK-ISLANDSK-DANSK MARKERING
Ved lanseringa av Flatøybok på Litteraturhuset i Oslo overrekte Anders Kvåle Rue måleri til Islands president Ólafur Ragnar Grímsson og dronning Margrethe. Bildet til Islands president viser landnåmet på Island, då landet blei folkesett av norske emigrantar. Den danske dronninga fekk eit bilde av det danske festningsanlegget Danevirke som verna landets sørgrense.




Islands og Danmarks ambassadørar tok imot bilda på vegne av statsleiarane. Flatøybok har føreord av dei tre statsleiarane konge Harald, dronning Margrethe og Islands president Ólafur Ragnar Grímsson.

– Flatøybok handlar om norsk, islandsk og dansk historie. Etter at boka kom til Danmark, blei ho oppbevart der i nokre hundre år. Då Island blei sjølvstendig, blei det ein dragkamp om ho – islendingane ville ha ho tilbake. Dei såg på verket nærmast som kronjuvelen. Det blei ei stor nasjonal markering då dei endeleg fekk ho tilbake, forklarar Anders.

Nyutgjevinga er derfor også eit felles norsk-islandsk-dansk prosjekt. Det var også bakgrunnen for at dei islandske og danske statsoverhovuda fekk kvar sine måleri frå boka. Mest som ei markering frå forlaget, opplyser han.

 

FR SKISSER TIL FERDIG BILDE
På Facebook skriv Anders Kvåle Rue dette om å illustrere slaget i Hjørungavåg: «Slaget i Hjørungavåg, mellom dei invaderande Jomsvikingane og Håkon jarls menn, står for meg som kanskje det «mørkaste» slaget i sagalitteraturen. Inntrengarane er omsynslause og brutale, utan formildande trekk. Men også forsvararen av Noreg, Håkon jarl, er det i dette slaget vanskelig å kjenne sympati med – om ein skal ta teksten på alvor. Hans vilje til å sigre gjeng så langt, at han gjennomfører ei grufull blothandling, og får hjelp av mørke åndemakter. Slik skildrar forfattarane av Flateyjarbok situasjonen, og denne stemninga lar eg styre palletten for mitt bilete: Det er mørkt. Reint konkret skildrar eg både eit kjent fjellparti frå Hjørungavåg, og dei spesielle vérforholda (lyn, tore og haglstorm). Me ser eit «hav» av skip og menn i vill slagtumult. Den sentrale scena er henta direkte frå eit avsnitt i Flateyjarteksten: «Jomsvikingen Bue som høgg rundt seg med ei tverrøks (uvanleg val av våpen), etter å ha fått hogge av haka, og Sigmund Bresteson som kommanderer sine menn til å gå mot Bue, for å få gjort ende på han».




Tilbake til nyheter