Siste 10 blogger SUNNMØRSPOSTEN: DE FRYKTLØSE JOMSVIKINGENE
- 22. April, 2015 VEST-TELEMARK BLAD: I TIDSMASKIN TIL VIKINGTIDA
- 21. April, 2015 KLASSEKAMPEN: HVEM BAR KONGENS MERKE?
- 14. April, 2015 MAKTDEMONSTRASJON [Anmeldelse av Flatøybok bd. 1]
- 19. March, 2015 FLATØYBOK I DANMARK: Bind 1 overrakt HM Dronning Margrethe
- 13. February, 2015 FLATØYBOK: NORGE OG JOTUNOPPHAV
- 05. February, 2015 Tale til Islands president i samband med overrekkelsen av Flatøybok bd. 1
- 17. December, 2014 Flatøybok: Den nye fortellingen om Norges historie
- 28. November, 2014 Vårt Land: SKREVET FOR KONGEN OG GLEMT
- 20. November, 2014 Karsten Alnæs (Dag og Tid): Den norrøne dragen er sjøsett
- 07. November, 2014 Søk i nettstedet |
KLASSEKAMPEN, 21.09.2012: Ny start etter Snorrepublisert 26. September, 2012
Eit av dei flottaste verka i den norrøne sagalitteraturen, «Flatøyboka», kjem no på norsk. Professor Torgrim
Titlestad vonar på ny interesse for sagadiktinga med «Flatøyboka». – Det er ei kjensgjerning at eldre norsk historie er lite vektlagt i skoleverket. Stoffet kommuniserer ikkje med unge i dag. Det er også slik, at det på mange vis har vorte togge drøv på Heimskringla, ikkje minst på akademisk nivå. Det er i lys av dette vi meiner den islandske «Flatøyboka » kan opna for ein ny situasjon, seier Torgrim Titlestad til Klassekampen. Titlestad er historieprofessor ved Universitetet i Stavanger og hovudredaktør for den planlagte fem band store, rikt illustrerte norske versjonen av «Flatøyboka». Dei første to banda er alt omsette av Edvard Eikill og blir gjort klare for publisering på forlaget Sagabok i samband med grunnlovsjubileet i 2014. Titlestad var også drivkrafta bak omsetjinga av Tormod Torfæus’ store latinske noregshistorie frå 1700-talet. Kulturskatt Professor Titlestad meiner «Flatøyboka», som i hovudsak skildrar historia til dei norske kongane, er sjølve gullgruva i sagalitteraturen. – Det ligg inga nedvurdering av Snorre i det, men då han skreiv på 1200-talet, var han under ein slags kontroll av kongen. Snorre kunne ikkje skriva heilt fritt. «Flatøyboka» fekk si endelege form først på 1400-talet, etter Svartedauden. Då var den politiske situasjonen heilt annleis. Det norske kongedømmet hadde gått under, og «Flatøyboka» byr på langt meir intime skildringar enn Heimskringla, jamvel om mykje av stoffet er sams. Brokkar av «Flatøyboka» har vorte omsett før, men dette blir den første heilskaplege norske utgåva. Politisk prosjekt «Flatøyboka» har fått namn etter den vestislandske øya ho vart skriven på. Det kostbare verket vart initiert alt på 1300-talet av den kulturmedvitne storbonden Jon Håkonarsson. Redaktøransvaret vart plassert hos to lærde prestar, og ifølgje dei norske utgjevarane av boka, trur ein at skriftene vart samla for å læra det unge kongsemnet Olav IV Håkonsson (1370–87) om norsk-islandsk historie og om dei kulturelle føresetnadene kongemakta burde tuftast på. Håkon var arving til både den norske, danske og svenske trona, men døydde alt 17 år gamal, då som konge over Danmark og Noreg. Arbeidet med «Flatøyboka» heldt likevel fram. Og Elizabeth Ashman Rowe ved Cambridge-universitetet, som sit i fagredaksjonen for den norske utgåva, meiner det ligg ein politisk visjon bak det opphavlege bokprosjektet, nemleg å berga den islandske og norske nasjonen frå undergang. Bka hamna til slutt i Fredrik IIIs bibliotek i København i 1656, men vart tilbakeført til Island i 1971. Kjenna historia Tormod Titlestad har også ei djupare grunngjeving for det omfattande prosjektet med ei kostnadsramme på nær 14 millionar kroner. – Eit kvart folk bør ha høve til å kjenna sine eldste historiske tekstar. Vi kallar den norske utgåva «Det norske folks liv og historie – Flateyarbok», fordi vi meiner dette er dekkjande for det faktiske innhaldet i boka og fordi vi ønskjer at dette skal bli folkelesnad, slik Snorre i si tid vart. Originalteksten vil bli direkte omsett, men ein redaksjon av fagfolk vil supplera med korte, forklarande tekstar, der det er naudsynt. Elles vil illustrasjonane bli ein viktig del av formidlinga. – Originalboka er den flottaste illustrerte sagaboka vi har. Kunstnaren Anders Kvåle Rue, som har lang røynsle med å illustrera historiske tekstar, skal rekonstruera illustrasjonane for den norske utgåva og i tillegg laga nye illustrasjonar ut frå innhaldet i teksten. – På sikt vil vi også gje ut ei forenkla utgåve for barn og unge. Det er eit mål å gjera norsk historie levande for alle dei som veks opp i det moderne fleirkulturelle samfunnet. Her vil illustrasjonane spela ei nøkkelrolle. Vi vil også straks oppretta ein blogg, der interesserte kan følgja heile bokprosessen gjennom tekst og video. guri.kulaas@klassekampen.no
|